ZERO-veka ved Liljevatnet skule

Oppstilling i skulegården
ZERO – oppstilling i skulegården

Utdanningsdirektoratet har hatt ei kampanjeveka mot mobbing i veke 36. Dette er særs viktig arbeid, slik at Liljevatnet skule har hatt ei kampanjeveka denne veka med fokus på ZERO arbeid. Det har vore jobba godt rundt om i klassane og på tvers av klassane med ulike prosjekt.

 

7. klasse har t.d. arbeidd med skodespel som går på korleis det vert opplevd å bli halden utanfor. Dette har dei vore rundt i dei andre klassane på skulen og vist fram. Vi har og hatt eit felles prosjekt i 1. og 6. klasse om vennskap. Elles har alle klassane jobba med innhaldet i ZERO – Nulltolleranse for mobbing.

Zeroveka ved Liljevatnet skule
Zeroveka ved Liljevatnet skule

Dette er sjølvsagt eit arbeid som vi jobbar med heile året, men greitt å ha nokre veker innimellom der dette er hovudfokuset.

Markering av Zeroveka
Markering av Zeroveka

Prosjektveka vert avslutta med ei felles samling for heile skulen, der klassane framfører noko av det dei har jobba med denne veka.

Zero klasserommet
Zero klasserommet

Vi har og fått isbilen til å ta ein tur innom skulen til oss. Han deler ut «venneby» is til alle barna. Dette var ei stor overrasking som gledde elevane.

"Venneby" is til alle barna ved Liljevatnet skule
«Venneby» is til alle barna ved Liljevatnet skule

Tekst og foto: Ingunn Lie