Vennskapsveke i Hamramyra barnehage

20150901_141142
Vennskapsveke i Hamramyra barnehage

I uke 36 arrangerte me vennskapsveke i Hamramyra barnehage. Veka er arrangert med utgangspunkt i den landsdekkande kampanjen til Utdanningsdirektoratet og Manifest mot Mobbing. Utdanningsdirektoratet ynskjer å involvere så mange som mogleg i dette arbeidet for å førebyggje mobbing. Denne førebygginga startar allereie i barnehagen.

Sidan omgrepet mobbing kan virke abstrakt for små barn, valte me å sette fokus på vennskap og korleis me ynskjer å vere mot kvarandre. Gjennom veka har me hatt ulike aktivitetar med fokus på samhald og vennskap. Me laga ein stor banner der alle barna fekk vere med å setje sitt handavtrykk. Me har laga vennskapsarmband, hjarter der me har skreve fine ting om kvarandre, me hatt disco og høyrt på songar med vennskap som tema. I samlingane har me snakka om kva det vil seie å vere ein venn og kva ein kan gjere dersom ein ser nokon som ikkje har nokon å leike med, eller kva ein kan gjere dersom ein ser nokon som ikkje får vere med på leiken. Veka vart avslutta med kino og popcorn, til stor glede for alle saman! Her såg me på ein film om Ole Brum, og denne filmen reflekterte mykje av det me hadde prata om tidligare i veka.

Vennskapsarmband
Vennskapsarmband

I Hamramyra barnehage har me sosial kompetanse som satsingsområde. Dette går som ein raud tråd gjennom alt det me gjer gjennom heile barnehageåret. Vennskapsveka har difor falt inn som ein naturleg del av kvardagen vår og det viktige arbeidet me gjer i barnehagen. Framover kjem me til å ha fokus på anti-mobbe prosjektet til Fjell kommune: «Trygg i Fjell». Vennskapsveka har vore ein god start på dette prosjektet.

Vennskapsveke i Hamramyra barnehage
Vennskapsveke i Hamramyra barnehage

Me trur at dette har vore ei kjekk veke for barna, og håper at veka ikkje berre har vore ei oppleving i seg sjølv, men at den har vore med på å skape gode samtalar heime, og synleggjort eit veldig viktig tema. Me i Hamramyra barnehage oppfordrar alle lesarar som er i kontakt med barn om å vere gode rollemodellar og støtte barn til å bli dei empatiske og sosialt kompetente individa som me ynskjer at dei skal bli.

Handavtrykk på vennskapsplakaten
Handavtrykk på vennskapsplakaten

Tekst og foto: Ørjan Nygård Pettersen