Standard

for arbeid med psykososialt miljø i barnehagar og skular

  • Alle skulane nyttar eit av programma Zero, Respekt eller Olweus, og har tydeleg definert korleis ein jobbar med dette i sitt årshjul.
  • Alle barnehagar og skular, inklusive SFO, har minst ein ressursperson som i lag med leiinga driv vedlikehald av arbeidet og som møter i nettverk saman med beredskapsteamet minst ein gang i semesteret.
  • Barnehagane og skulane skal årleg evaluere og eventuelt revidere sitt arbeid med barna/elevane sitt psykososiale miljø.
  • Alle skule-områda har TRYGG I FJELL som fast tema i sine møter.
  • Barnehagane og skulane har ein tydeleg plan for tilsyn av barna / elevane, særleg i utesituasjonar og overgangar.
  • Barnehagane og skulane har ein felles standard for korleis alle meldingar frå føresette knytt til §9a blir tatt i mot (korleis svare).
  • Skulane skal ha ei felles prosedyre for handtering av moglege brot på §9a.
  • Barnehagane og skulane (på alle klassesteg) gjennomfører minst ein gang årleg TRYGG I FJELL-samtalar eller kartlegging med Spekter.
  • Barnehagane og skulane skal ha ei felles prosedyre for handtering av mogleg mobbing frå vaksne.
  • Skulane gjennomfører årleg Barnevakten sitt opplegg for 5. og 8.trinn for oppdatering på den digitale mobbinga og nettbruk generelt. Bruk hue-kampanjen ligg som ein del av ein 5-årig avtale mellom Fjell kommune og Barnevakten (2016 – 2020).
  • Skulen ved leiinga og ressurspersonar deltek på den årlege samlinga til TRYGG I FJELL og KFU i lag med alle FAU’ane.
  • Skulane har ein felles overordna tiltaksplan dersom avdekka mobbing ikkje stoppar (tiltakspyramiden).
  • Kommunen har eit Beredskapsteam for psykososialt arbeid som skal:
    • hjelpe barnehagar/skular med direkte oppfølging i mobbesakar
    • drive kompetanseheving innan avdekking og handtering av mobbing.
  • Barnehagane og skulane skal ha ein plan for korleis ein kan bruke observasjon ved mistanke/behov.