Samla lærarar til seminar om mobbing

Frå seminaret om mobbing
Frå seminaret om mobbing

Salen vart fylt til siste plass då 100 lærarar frå område aust (Brattholmen, Foldnes, Liljevatnet og Hjelteryggen skular) var samla i SF Kino Sotra i dag.

– Dersom du som rektor seier at det er null mobbing på skulen din, ser du ikkje etter! Det sa rektor på Gangstø ressurssenter, Ingvar Landa, då han innleia om mobbeprogrammet Zero.

 

Saman med rettleiar på ressurssenteret, Guttorm Helgøy, underviste han om dette temaet ved å gje ei innføring i Zero og TRYGG I FJELL.

Ingvar Landa
Ingvar Landa

Arbeidet mot mobbing er organisert gjennom TRYGG I FJELL, der målet er å førebyggja å redusera omfanget av mobbing generelt og sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.

– Sentrale mål er nulltoleranse, autorative vaksne, konsistens og kontinuitét, sa Landa.

Når det gjeld målet om autorative vaksne er klasseleiing sentralt. Balansen er vårt forhold til elevane ved å våga å visa relasjon og å vera strukturert.

– Bruk gjerne det siste minuttet i timen til å positivt fortelja om kva som skjer i neste time med ein annan lærar, sa

Foto av Gro Anita Hindenes og Lill-Maren Kaspersen frå Brattholmen skule.
Gro Anita Hindenes (til venstre) og Lill-Maren Kaspersen frå Brattholmen skule.

Landa.

På seminaret vart det invitert til samtale to og to. Her er Gro Anita Hindenes (til venstre) og Lill-Maren Kaspersen frå Brattholmen skule i djup samtale.

Tekst og foto: Vigleik Brekke