Regjeringa legg fram forslag til tiltak mot mobbing

Screen Shot 04-18-16 at 10.57 PMAv mange positive tiltak som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la fram i dag, vil vi framheve forslaget om at styrka kompetanse og målretta innsats også skal gjelda for barnehagane; at det blir etablert nettportal og chatteteneste; at skjult mobbing, digital mobbing og psykisk helse i skulen blir satsa på; at skulen får ei aktivitetsplikt; og at det vert satsa på lokale beredskapsteam eller innsatsteam.

Kunnskapsministeren sitt framlegg finn du her.

Dette er regjeringa si oppfølging av Djupedalsutvalet, som i mars 2015 la fram ei omfattande liste med forslag til tiltak i NOU 2015:2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Kunnskapsministeren si liste over tiltak inneber både forslag om lovendringar og tiltak som inneber økonomisk satsing, til dømes innan kompetanseheving.

Langt frå alle tiltaka frå Djupedalsutvalet blir fulgt opp av regjeringa. Mange medier har i dag som hovudoppslag at kunnskapsministeren ikkje foreslår eit nasjonalt klageorgan. Djupedalsutvalet foreslo at Barneombodet skulle ha ei slik nasjonal rolle. Kunnskapsministeren vil heller styrke og videreutvikle fylkesmannen i rolla som klageorgan. Fjell kommune ga i høyringsrunda etter Djupedalsutvalet sin rapport også uttrykk for at fylkesmannen burde halde fram som klageorgan. Kunnskapsministeren vil i tillegg innføre bøtelegging av kommunar som ikkje følgjer fylkesmannen sine pålegg.

Skulen si handlingsplikt og tiltaksplikt vert erstatta av ei aktivitetsplikt. Skuleeigar skal ha det formelle ansvaret for tiltak på skulen, men skal ikkje lenger vera ein klageinstans.  Det betyr at føresette skal kunne klage direkte til fylkesmannen. Fjell kommune ga i vårt høyringssvar uttrykk for ønskje om endringar i regelverket på dette området. Vi er spente på korleis dei nye føringane vil bli konkretisert og korleis dei vil fungere, men håpar på ei klar forbetring.

Det siste vi vil nemne frå dagens kunngjering, er at kunnskapsministeren vil videreutvikle og stimulere til bruk av beredskapsteam og innsatsteam i kommunane. I Fjell har vi nettopp etablert eit beredskapsteam og er sjølvsagt glade for at dette er med som eit av tiltaka.

Detaljane er førebels sparsommelege, så det er framleis usikkert korleis desse tiltaka vil bli konkretisert. Vi er mellom anna spente på kva som ligg i at «De voksnes kompetanse skal styrkes, enten de jobber i barnehagen, skolen eller i kommunen» .