Lokalmiljø og fagmiljø i Fjell kjenner kvarandre og samarbeider i arbeidet mot mobbing og for eit trygt miljø for barn og unge.
Det betyr at ALLE i Fjell skal:
- medverke til at ALLE opplever å vere ein verdifull del av fellesskapet
- vise og oppleve respekt
- følgje med og gripe inn når nokon ikkje har det bra
- samhandle om gode oppvekstvilkår
Slagord
KUNNE – VILLE – VÅGE – HANDLE
«Takk for at du sa i frå»
Målsetting
Målsettinga for Trygg i Fjell er å førebygge og å redusere omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune – og å sikre at mobbing blir avdekka og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.
Fjellsamfunnet må både ha ein nullvisjon om – og ein nulltoleranse for – mobbing.
«Å stoppe mobbing krev innsats frå alle i Fjell».
I handlingsprogrammet for 2014 til 2017 vart dette formulert som å «intensivera arbeidet mot mobbing» (punkt 67).
Mandat
- Sikre og vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane
- Utvikle og implementere ein «Fjell-modell» i arbeidet mot mobbing
- Møte ”systema” utanfor skulen med tryggleik på skulens eigen kompetanse