Mobbing i barnehage og skule

Som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen varsla på TRYGG I FJELL konferansen i februar, har både barnehage og skule fått skjerpa føringar for arbeid mot mobbing frå 1.august 2017.

Den nye rammeplanen for barnehagar har for første gong direkte formulering om mobbing. I avsnittet «Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap» står det: «Personalet skal … forebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkelser og uheldige samspillsmønstre». I Fjell har vi jobba med dette i to og eit halvt år, slik at for dei fleste av våre barnehagar vil ikkje denne skal-formuleringa i rammeplanen bety noko endring i høve det vi alt gjer.

I skulen er kapittel 9A i opplæringslova betydeleg endra, med mellom anna ei skjerpa aktivitetsplikt for skulen og med Fylkesmannen som direkte klageinstans. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Aktivitetsplikt betyr at skulen skal:

  • følge med
  • gripe inn
  • varsle
  • undersøke
  • sette inn tiltak
  • dokumentere

Skulen skal også lage ein skriftlig plan for dei tiltaka som vert sett i verk. I planen skal det stå:

a) kva problem tiltaket skal løyse
b) kva tiltak skulen har planlagt
c) når tiltaka skal gjennomførast
d) kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
e) når tiltaka skal evaluerast

Null mobbing mobbing gir meir informasjon og god rettleiing til foreldre om kva dei kan gjere når dei er bekymra for om barnet trivst i barnehagen eller skulen. Om det er barnehagar, skular eller foreldre som opplever utfordringar eller har spørsmål til dette temaet, må dei gjerne ta kontakt med beredskapsteamet.

Les meir på heimesida til Null mobbing.