Mobbeombod for alle barn i Hordaland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

I august 2015 vart det etablert mobbeombod i Hordaland, men då berre for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (mobbeombod@hfk.no). Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook.

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med her.

Fjell kommune har lenge hatt god kontakt med mobbeombodet gjennom TRYGG I FJELL. Vi ser fram til å vidareutvikle dette samarbeidet.

Marianne Callan Gjerstad frå rettleiarteamet for barnehagar har alt hatt eit møte med det nye mobbeombodet om arbeid mot mobbing i barnehagane. Det var naturleg for mobbeombodet å vende seg til Fjell når ho no også får ansvar for barn heilt ned i barnehagealder.

TRYGG I FJELL er også invitert av mobbeombodet til å vere med ei nettverksgruppe om gode barnehage- og skulemiljø i Hordaland, noko vi sjølvsagt vil takke ja til. Marianne Callan Gjerstad og Guttorm Helgøy vil representera TRYGG I FJELL i nettverksgruppa.