Løypemelding TRYGG I FJELL

TRYGG I FJELL har vore operativt sidan Februar 2014. Vi ønskjer å informere om kvar vi står no i dette arbeidet med tanke på dei ulike tiltaka, pilotane og handlingsplanane vi har. Dei konkrete områda vi vil komme inn på her vil vere:

  • Arbeidet med digitale verkty som nettside, facebookside, webmodell og tiltakspyramide mot mobbing.
  • Arbeidet mot mobbing i private og kommunale barnehagar.
  • Samarbeidet med vidaregåande skule på Bildøy og i Sund.
  • Piloten innan idrett i samarbeid med Hordaland idrettskrets, Fjell idrettsråd og idrettslaga Nest-Sotra og Nordre Fjell.
  • Samarbeidet med KFU og FAU med tanke på foreldra si deltaking i arbeidet mot mobbing.
  • Arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane og vurdering av beredskapsteam mot mobbing.

Før vi går inn på dei einskilde punkta kan det vere greitt å ta ein repetisjon av mandatet til TRYGG I FJELL.

  • Sikre og vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane
  • Utvikle og implementere ein «Fjell-modell» i arbeidet mot mobbing
  • Møte og støtte «systema» utanfor skulen med tryggleik på skulens eigen kompetanse

Web og facebook:

TRYGG I FJELL er no oppretta på eige nettside: www.tryggifjell.no. Denne er søkbar på nett og ferdigstillast i nær framtid. Her finn ein webmodellen som seier noko om Fjellsamfunnet sin samla innsats mot mobbing, nyhende og aktuelle aktivitetar i kommunen.
I skrivande stund vært TRYGG I FJELL si facebookside følgt av 1279 brukarar. Dette er ei side som beskriv lokale aktivitetar og viser til medieoppslag og ny forsking på fagområdet mobbing. Siste 7 dagar har denne sida registrert ei rekkevidde på 6047 personar.

Barnehage:

I alt deltek 18 av barnehagane i Fjell i ei intensivering av arbeidet mot mobbing. Her har det vore ein prosess med forankring hos styrarane i barnehagane, kor ein mellom anna har blitt kursa i kva mobbing er og utforma mobbeavdekkande verkty for bruk i barnehagane. Utgangspunktet her har vore kjende verkty som nyttast i skulane i dag. Vidare har det vorte sett saman ei kursrekke for samlege tilsette i desse 18 barnehagane. Denne kursrekka består av tre delar, kva er mobbing, kva er avdekking av mobbing i barnehage og kva typar åtferd leiar til mobbing og det å verte utsett for mobbing. Første del av denne kursrekka vart avslutta i september og 25 november vert det kurs om avdekking. 320 påmeldte vitnar om stort engasjement.

Vidaregåande:

I løpet av hausten har samlege elevar på Sotra vidaregåande, både i Sund og på Bildøy, fått besøk av TRYGG I FJELL og fått eit innlegg om mobbing og konsekvensane av det. I tillegg har alle tilsette fått eigne foredrag om temaet og informasjon om kva TRYGG I FJELL er. Både elevar og tilsette har gitt gode tilbakemeldingar og samarbeidet held fram. Hordaland fylkeskommune har etablert eige mobbeombod, og TRYGG I FJELL har tatt initiativ til samarbeid med mobbeombodet og Sotra vidaregåande.

Idrettspilot:

Piloten innan idrett har gjort gode steg framover i haust. Dette er eit område med nye utfordringar med tanke på samarbeid mellom skule, heim og fritidsarena som gjer at vi lyt tenkje nytt og vere løysingsfokuserte. Korleis ein handterer «teieplikt» er eit døme på ei utfordring som vi har drøfta i dette delprosjektet. Arbeidet med idretten har så langt resultert i at TRYGG I FJELL har laga eit undervisningsopplegg som FAIR PLAY koordinatorane i klubbane kan gi til foreldrekontaktar og trenarar i klubbane.

Målgruppa som er valt ut i denne omgang er unge i alderen 6-12 år. Vidare vert det utforma eit TRYGG I FJELL-kort som vert delt ut ved sesongstart til alle spelarar i lag med drakta med TRYGG I FJELL-logo på. Dette kortet informerer om kva TRYGG I FJELL er og kva haldning våre idrettslag har til arbeidet mot mobbing. Det vil og kome fram informasjon om kvar ein skal vende seg om ein ser noko som bekymrar. Som elles i arbeidet mot mobbing; skal ein gjere noko med det må ein både kunne, ville og våge å gjere noko med det. Dette er i hovudsak eit vaksenansvar.

KFU / FAU:

Samarbeidet med KFU (Kommunalt foreldreutval) har fleire fellestrekk med arbeidet innan idretten. Her har og TRYGG I FJELL laga eit undervisningsopplegg som ein skal gi i ei årleg samling med alle FAU`ar. Dette adresserar kva mobbing er og dei vaksne si rolle i arbeidet mot mobbing som føresette. Leiing av aktivitetar og samarbeid med skulen er viktige stikkord. KFU og FAU skal og bidra med å fylle inn punktet om føresette i webmodellen.

Elevar:

Vidare skal dei ulike FAU samarbeide med skulen om korleis elevane sjølv skal bidra. Ein vil mobilisere til eit samarbeid med elevråda om kva dei tenkjer skal vere elevane si oppgåve med tanke på førebygging, avdekking, handtering og etterarbeid av mobbing. Slik vil elevane si røyst verte tydeleg både i dagleglivet, men og i webmodellen.

Skule:

Skulane sitt arbeid mot mobbing skal styrkast mellom anna gjennom å lage ein overordna kommunal plan mot mobbing samt vurdere eit eventuelt beredskapsteam mot mobbing. Dette arbeidet leier fram til ei innstilling frå KAMP (Kommunens antimobbeplangruppe) som vert lagt fram ved årsskiftet. Her har ein mellom anna henta impulsar frå Tromsø, Buskerud og Læringsmiljøsenteret i Stavanger.

Det er høg aktivitet og mykje positiv energi i arbeidet med TRYGG I FJELL.

Og slik kjem det til å fortsette, for kampen mot mobbing har ikkje råd til pausar.

For TRYGG I FJELL
Guttorm Helgøy  |  Ingvar Landa  |  Jogeir Sognnæs