Kurs på Kolltveit skule om mobbing

Guttorm Helgøy underviser
Guttorm Helgøy underviser

I samband med etablering av TRYGG I FJELL, har FAU og Kolltveit skule gått saman om felles kursing av foreldre og tilsette om mobbing.

Ein opplagd Guttorm Helgøy formidla kunnskap og engasjement til omlag 170 personar. Vi vart alle utfordra på refleksjonar rundt vaksenrolla vår, enten vi er heime, på skulen, eller på andre arena. Det handlar om å ha nok kunnskap til å vite kva vi ser, stille spørsmål ved det vi ser, og til å ville og våge handle.

Eit spørsmål som foreldre kan stille når ungane kjem heim frå skulen, kan vere «Var det nokon som ikkje hadde det så bra i dag?»

På skulen har vi forpliktande plan for elevane sitt psykososiale skulemiljø som omhandlar førebygging, avdekking, handtering av mobbing. Men mobbing skjer på alle arenaer. Gjennom refleksjonar over sentrale spørsmål, sette Guttorm i gong ein prosess som handlar om at vi skal bry oss saman. Felles språk og forståing får vi når vi snakkar saman. Dette kurset har sett i gong gode prosessar som vil leve vidare både i formelle og uformelle forum på Kolltveit skule.

Trygg i Fjell flagg
Trygg i Fjell flagg

Tekst og foto: Karin P. Haugen, rektor Kolltveit skule