
TRYGG I FJELL – kommunen sitt sektorovergripande anti-mobbeprosjekt – hadde torsdag 26.mars samling på CCB for trenarar og foreldrekontaktar til barn på dei aldersbestemte fotballaga til Nest Sotra / Nordre Fjell. Her var omlag 35 vaksne med på ei innføring i korleis avdekke og handtere mobbing. Prosjektleiinga – Jogeir Sognnæs, Guttorm Helgøy og Ingvar Landa, har planlagt dette delprosjektet saman med FairPlay-koordinatorane i Nest Sotra / Nordre Fjell og representantar frå Fjell idrettsråd og Hordaland idrettskrets.
I tillegg til foredrag om mobbing, og om avdekking og handtering av mobbing, vart det også vist videoar frå Læringsmiljøsenteret i Stavanger. Men viktigast av alt var kanskje at deltakarane drøfta eigne tankar om det dei såg og høyrde dei to timane samlinga varte.

Dette var den første samlinga der ein i dette prosjektet mobiliserer ein frivillig organisasjon i arbeidet mot mobbing. Erfaringane som vert gjort vil danne grunnlag for vidare utvikling av dette delprosjektet, og etterkvart for ei vidare spreiing i andre frivillige organisasjonar som jobbar med barn og ungdom.
Samlinga fekk svært god mottaking og både leiarar og deltakarar ga uttrykk for at det er behov for ei slik satsing.

21. april vil det bli arrangert ei ny samling der prosjektleiinga i samarbeid med Kommunalt foreldreutval vil informere og drøfte tiltak mot mobbing med representantar for alle FAU’ane frå skulane i kommunen.