Forelesarar – Konferanse 2018

Kjersti Botnan Larsen er seniorrådgjevar hos Barneombodet med ansvar for barnehage, skule
og skulemiljø. Ho er jurist og pedagog – og har tidlegare jobba i mange år i Utdanningsdirektoratet. Ho har både i direktoratet og hos Barneombudet vore særleg opptatt av at barn skal bli tatt på alvor og bli hørt, og på barns rettar og barnekonvensjonen. Ho har i mange år vore ein sentral stemme i mobbearbeidet i Noreg.

Link til Barneombodet si heimeside med blogginnlegg om barns rettigheter

 

 

Dr. Sameer Hinduja er professor ved Criminology School og Criminal Justice ved Florida Atlantic University og direktør for Cyberbullying Research Center. Han er anerkjent internasjonalt for sitt banebrytande arbeid med nettmobbing og sikker bruk av sosiale media blant barn og unge.
Hans tverrfaglege forsking er omfattande og sitert i ei rekke akademiske tidsskrift. Han er ein anerkjent forelesar og forfattar og blir sett på som ein ekspert på tenåringars bruk av sosiale medier.

Link til heimesida til Sameer Hinduja

Kristin Oudmayer er ein norsk forfattar, samfunnsdebattant og foredragshaldar, som skriv om mobbing og inkludering. Oudmayer er tilsett i Unicef Norge, kor ho er fagansvarleg for prosjektet «Du kan være Den ene». Oudmayer har skrive bøkene ”Du er viktigere enn du tror. Håndbok om forebygging og håndtering av mobbing” (2014) og ”Fordi jeg fortjener det? En bok om mobbing, håp og ansvar” (2010). «Mobbeboka – Alt du lurer på, men ikke tør å spørre om» (2017) er skrive for barn og unge og var gåve til mellom anna kunnskapsministeren på den førre TRYGG I FJELL – konferansen.

Link til Kristin Oudmayers Den store mobbeblogen

André Baraldsnes er spesialrådgjevar innan mobbing i skolen og implementeringkunnskap og er tilsett ved RKBU Vest / Uni Research Helse i Bergen. Baraldsnes er utdanna pedagog, men har dei siste 18 åra arbeidd hovudsakleg med systemarbeid mot mobbing i skolen, mellom anna i samarbeid med Erling Roland og Dan Olweus. Baraldsnes har også arbeidd med systemarbeid mot mobbing i skolen i Sverige, Litauen og på Island. Han har i tillegg 20 års erfaring som privat konsulent for skolar og for foreldre i enkeltsaker og systemarbeid mot mobbing.

Link til Uni Research sin presentasjon av André Baraldsnes

Marianne Callan Gjerstad er tilsett i rettleingsteamet i Fjell kommune. Ho er førskulelærar med mellom anna vidareutdanning i Prevention and Intervention of Bullying in a Learning Environment frå UiS/Dublin, og ho er sertifisert gruppeleiar og rettleiar i DUÅ og COS. Marianne er ein av tre prosjektleiarar for TRYGG I FJELL og sit i beredskapsteamet for psykososialt arbeid i Fjell kommune. Ho har vore sentral i å bygge kompetanse og vidareutvikle strategiar og metodar på barnehagefeltet i Fjell kommune.

Guttorm Helgøy er tilsett som rektor på Gangstø ressurssenter. Han er utdanna lærar og spesialpedagog, og har mellom anna vidareutdanning i Prevention and Intervention of Bullying in a Learning Environment frå UiS/Dublin og vidareutdanning i familiepedagogikk. Guttorm er ein av tre prosjektleiarar for TRYGG I FJELL og sit i beredskapsteamet for psykososialt arbeid i Fjell kommune. Han har halde foredrag for dei fleste skular og barnehagar i kommunen, og mange utanfor kommunen. Guttorm har også ei bistilling på Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, og samarbeidar mellom anna tett med Erling Roland om utvikling av «innsatsteam» i norske kommunar.

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod i Hordaland. Ho er utdanna sosialantropolog og tok til i stillinga i august 2015. Ho var då det 4. mobbeombodet i landet. Buskerud, Nordland og Østfold fylkeskommuner var først ute med mobbeombod. Stortinget har vedtatt at det skal være mobbeombod i alle fylker retta mot barn/ungdom i  barnehage og skule. I Hordaland har Mari-Kristine førebels berre ansvar for vidaregåande skule, men frå hausten 2018 vil ho etter regjeringa sin plan bli mobbeombod for alle barn/unge i fylket.

Link til heimesida til mobbeombodet i Hordaland