Fire arrangement 15. og 16. februar
To elevarrangement 15. feb Kveldsarrangement 15. feb Fagkonferanse 16. feb
Kveldsarrangement
Bruk Hue + panelsamtalar
15. februar 2017 kl. 18.00 – 20.00 Sotra Arena
Målgruppe:
- Foreldre 6. til 10. trinn i Fjell, Sund og Øygarden
- Tilsette i barnehage og skule i Fjell, Sund og Øygarden
- Alle foreldre i Fjell, Sund og Øygarden
Innhald:
- BRUK HUE-foredrag om nettmobbing, nettvett og sosiale medier (link)
- Panelsamtale, leia av Marco Elsafadi:
- Brukarperspektiv: Alexander Solaat Rødland og Erik Hanøy
- Erfaringsperspektiv: Inger Anita Skogen, Marianne C. Gjerstad, Jan Tommy Fosse og Anne-Merete Vabø Haugane
- Kunnskapsperspektiv: Nelli Kongshaug, Monica Mørk, Kjellaug Tonheim Tønnesen, Mari Kristine Morberg og André Baraldsnes
Det er inga påmelding til dette arrangementet.
Vi oppmodar om samkjøring. Det er mogleg å parkere ved Sotra Arena, men vi har og avtale med Sartor Storsenter om parkering i Kystbygarasjen (til ordinær pris).
To elevarrangement
Det vert to elevarrangement i Sotra arena på dagtid onsdag 15. februar 2017
– eit for 6. og 7. trinn – og eit for ungdomstrinnet.
Begge arrangementa gjeld elevar i frå både Fjell, Sund og Øygarden.
Elevane vil få eit totimars opplegg med ein kombinasjon av BRUK HUE-opplegget (link) og Kjartan frå Kjetil & Kjartan (link).
Det blir med andre ord fokus både på digital mobbing og på anna mobbing.
Dette er to arrangement som vil bli gjennomført i eit samarbeid mellom skulane og TRYGG I FJELL.
Foreldre i 6. til 10. klasse får informasjon om dette frå skulen.
Her er skrivet Info til foreldre som vi har bedt skulane sende ut.
Fagkonferanse
16. februar 2017 kl. 08.30 – 15.00 Sotra Arena
Program
- Kl. 08.30 «Å flytte eit mobbeutsett barn» – Jannicke Nordbø
- Kl. 09.00 Identitetsbasert mobbing – Synne Hall Arnøy frå Rosa Kompetanse
- Kl. 10.00 Pause
- Kl. 10.20 Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen
- Kl. 10.50 Mobbing i barnehage – Ingrid Lund
- Kl. 11.50 Lunsj
- Kl. 12.50 Skjult mobbing – dynamikk og motiv – Tove Flack
- Kl. 13.50 Pause
- Kl. 14.00 Panelsamtale leia av redaktør Marit Kalgraf:
- Brukarperspektiv: Alexander Solaat Rødland og Erik Hanøy
- Erfaringsperspektiv: Marianne C. Gjerstad, Solveig Melstveit, Ørjan Espevoll, Jan Tommy Fosse, Anne Kristine Aas
- Kunnskapsperspektiv: Guttorm Helgøy, Mari Kristine Morberg, André Baraldsnes
- Kl. 15.00 Slutt