
Klokka 23.40 i kveld utropte tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen Fjell til årets beste Lokalsamfunn med MOT.
Prisen vart delt ut på ildsjelsamlinga til MOT i Stjørdal. I grunngjevinga sa Lauritzen mellom anna at det lokale MOT-teamet er sett saman med ulik kompetanse og erfaringar som utfyller kvarandre.
– Dei har stålfokus på at det er ungdomane som skal stå i sentrum. Det skal vera godt å vera ungdom i Fjell, sa Dag Otto Lauritzen før Fjell-represententantane kunne innta podiet.
Som eit første steg på veg heilt mot toppen vart Fjell tidlegare i dag peika ut som beste Lokalsamfunn med MOT 2014 frå Sør-Vestlandet. I grunngjevinga der heiter det at Ungdom med MOT i Fjell er ein raud tråd på arenaen til ungdomen. Fjell er svært god til å inkludera ungdomar i kulturbyggingsarbeidet. Dei kjører samlingar kvar haust med Ungdom med MOT, både for dette året og tidlegareår. Toppleiinga i Fjell kommune og skulen er dedikerte til MOT.
– I Fjell er ungdomane den viktigaste ressursen til kommunen, heiter det i grunngjevinga.
Og seint torsdag kveld gjekk altså Fjell heilt til topps i den landsomfattande finalen.
Tekst: Vigleik Brekke