Fagseminar om oppfølging etter mobbing

Denne veka har 5 representantar frå Fjell vore i Oslo på fagseminar om oppfølging etter mobbing.

Frå venstre: Jogeir Sognnæs, Elisabeth Handal, Gjertrud Ekerhovd, Marianne C. Gjerstad og Anita Skibenes.

Læringsmiljøsenteret var ansvarleg for seminaret, på oppdrag frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Seminaret vart arrangert som ei oppfølging av rapportane «Å bli utsatt for mobbing – en kunnskapsoppsummering om konsekvenser og tiltak» og «Å ivareta barn og unge som har blitt utsatt for mobbing – erfaringsbasert kunnskap om utforming og organisering av tiltak«.

Begge rapportane er laga i eit samarbeid mellom Læringsmiljøsenteret og RKBU-Vest.

Rapportane dokumenterer at ein både nasjonalt og internasjonalt saknar forskningsbaserte tiltak for oppfølging etter mobbing. Fjell var blant nokre få kommunar som saman med norske kompetansemiljøer i 2 dagar har drøfta oppfølging av mobbing. Ein stor andel av deltakarene jobbar med mobbesaker hos Fylkesmennene eller har roller som ombod for barn og unge (barneombod, mobbeombod og elev- og lærlingeombod).

Ein av konklusjonane som det var stor semje om er at oppfølging bør utviklast i eit samarbeid mellom skule og helse, og at ein etterkvart må forske på kva for tiltak som gir ønska effekt for dei barna som er ramma av krenkingar og mobbing. Det var også mange som løfta fram betydninga av å lytte til barnas eigen stemme og dei erfaringane barn og foreldre har i mobbesaker.

I Fjell har vi lenge vore klar over at temaet etterarbeid/oppfølging er det minst utvikla av dei fire hovudtemaene i TRYGG I FJELL – modellen; Forebygging – Avdekking – Handtering – Etterarbeid.

Ei tverrfagleg arbeidsgruppe i Fjell har laga ein plan for etterarbeid/oppfølging som vil bli drøfta på neste møte i kompetansegruppa i lys av dette seminaret.