Etablerer beredskapsteam for psykososialt arbeid

Her er fem medlemer i beredskapsteamet og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som også var til stades då teamet vart presentert. Frå venstre; Jogeir Sognnæs, Marianne Gjerstad, Guttorm Helgøy, Jorunn Tyldum, Ingvar Landa og ordføraren. Gjertrud Ekerhovd (kommunepsykolog), Lovise Armond (helsesøster) og Merete Nilssen (PPT) var ikkje til stades ved presentasjonen av beredskapsteamet.
Frå venstre; Jogeir Sognnæs, Marianne Gjerstad, Guttorm Helgøy, Jorunn Tyldum, Ingvar Landa og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Gjertrud Ekerhovd (kommunepsykolog), Louise Armond (helsesøster) og Merete Nilssen (PPT) var ikkje til stades ved presentasjonen av beredskapsteamet.

Med verknad frå første april vert det etablert beredskapsteam for psykososialt arbeid i Fjell kommune.

Fire av dei sju medlemane var til stades då beredskapsteamet vart presentert for Vestnytt. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var også til stades for å høyre om beredskapsteamet og TRYGG I FJELL-arbeidet.

Dette teamet skal retta arbeidet inn mot barnehagar og skular i Fjell og vera tilgjengeleg for direkte oppfølging av mobbesaker i samarbeid med skule og barnehage. Utvalet er samansett av rettleiarteam skule, rettleiarteam barnehage, kommunepsykolog, helsesøster og PPT (pedagogisk-psykologisk teneste).

– Vi vil at dette teamet skal gjera det lett for skule, barnehage og foreldre å få tak i nokon som kan gje hjelp. Likevel er det viktig for oss å understreka at dette ikkje berre skal vera eit ambulant team, men også eit team som skal driva med kompetanseheving på det å avdekka og handtera mobbing, seier Guttorm Helgøy i rettleiarteamet for skule.

– Det er ikkje spesielt høge tal for mobbing i Fjell. Elevundersøkingane er anonyme og tala svingar år for år. Men vi har ein nullvisjon for dette arbeidet, seier Sognnæs som er PPT-leiar og prosjektleiar for Trygg i Fjell. Målsetjinga for Trygg i Fjell er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune og å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.

Sognnæs er klar over at dette teamet gjerne forkorta vil verta kalla beredskapsteam mot mobbing. Fjell har i lang tid hatt ulike mobbeprogram i skulen. Dette teamet skal ikkje saksbehandla utanom skulen, men ha ein støttefunksjon. Teamet er godt forankra blant skuleleiarane.

Standard for arbeid med psykososialt miljø

Det er også utarbeidd ein Standard for arbeid med psykosoisalt miljø i barnehagar og skular. Både denne standarden og beredskapsteamet er gjeldande frå 1. april.

Marianne Gjerstad i rettleiarteam barnehage seier at dette teamet også skal arbeide med barnehagane.
– Systematisk utestenging frå leik kan gjerne kallast mobbing. Dette har vi hatt fokus på i barnehagane det siste året, og no følgjer me opp med foreldrekveld i kultursalen den 21. april. Der er alle som har barn i barnehage velkomen, seier Marianne Gjerstad.

Ingvar landa, som til dagleg er rektor på Gangstø ressurssenter, er også medlem av beredskapsteamet.
– Foreldreutvala og barnehagane har vist flott engasjement i dette arbeidet. Foreldra må snakka om korleis ein kan stoppa mobbing og ikkje korleis vi skal stengja ute dei som mobbar, seier Ingvar Landa.

– Mobbesaker kan skapa konflikt mellom skule og foreldre. Dette beredskapsteamet kan vera ein tredjepart som kan dempa moglege konfliktar, seier Jorunn Tyldum i rettleiarteamet for skule.

Tekst og foto: Vigleik Brekke