TRYGG I FJELL inviterer til ny konferanse 14. februar 2018 i Sotra Arena med lokale, nasjonale og internasjonale kapasitetar.
Category Archives: Helse
Mobbing i barnehage og skule
Som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen varsla på TRYGG I FJELL konferansen i februar, har både barnehage og skule fått skjerpa føringar for arbeid mot mobbing frå 1.august 2017.
Den nye rammeplanen for barnehagar har for første gong direkte formulering om mobbing. I avsnittet «Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap» står det: «Personalet skal … forebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkelser og uheldige samspillsmønstre». I Fjell har vi jobba med dette i to og eit halvt år, slik at for dei fleste av våre barnehagar vil ikkje denne skal-formuleringa i rammeplanen bety noko endring i høve det vi alt gjer.
Mobbing gir gevinst

«Mobbing gir gevinst» er overskrifta på eit innlegg Guttorm Helgøy har skrive for Bergens tidende. Guttorm er rettleiar for skulane i Fjell og jobbar mykje med mobbing. Han er og prosjektleiar for Trygg i Fjell, kommunen sitt prosjekt for å skape ei folkebevegelse mot mobbing der alle vaksne tek ansvar for å sjå og å stoppe mobbing.
TRYGG I FJELL – lokalt folkehelsearbeid

Fjell kommune har delteke i ei arbeidsgruppe nedsett av helsedirektoratet om «veiviser i psykisk helse og livskvalitet – lokalt folkehelsearbeid». Her har d
irektoratet også valt TRYGG I FJELL som eit døme på lokalt folkehelsearbeid. Les meir…