Category Archives: Fritid

TRYGG I FJELL var hovudtema på rådmannen sin leiarsamling i dag

Her orienterte dei tre prosjektleiarane (Marianne, Guttorm og Jogeir), supplert av Vivian frå Hamramyra og Ragnhild frå Foldnes, om nokre av delprosjekta og erfaringane ein har gjort seg etter tre og eit halvt år.

Siste delen av Kjetil Hasselberg sitt foredrag for 1.500 ungdomsskuleelevar i februar legg vi her ut som ei oppfølging av presentasjonen på leiarsamlinga i dag. Dette gjer vi sjølvsagt i full forståing med Kjetil Hasselberg 😊

Mobbing i barnehage og skule

Som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen varsla på TRYGG I FJELL konferansen i februar, har både barnehage og skule fått skjerpa føringar for arbeid mot mobbing frå 1.august 2017.

Den nye rammeplanen for barnehagar har for første gong direkte formulering om mobbing. I avsnittet «Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap» står det: «Personalet skal … forebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkelser og uheldige samspillsmønstre». I Fjell har vi jobba med dette i to og eit halvt år, slik at for dei fleste av våre barnehagar vil ikkje denne skal-formuleringa i rammeplanen bety noko endring i høve det vi alt gjer.

Continue reading

Kunnskapsministeren: -Antimobbearbeidet har ikkje fungert godt nok

– Vi veit i sum at antimobbearbeidet ikkje har fungert godt nok. Det er farleg å seia at «her er det ikkje mobbing». Dette er eit kontinuerleg arbeid som aldri må stoppa, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han fekk ordet på fagkonferansen i Sotra Arena «Saman mot mobbing» torsdag føremiddag.

Her kan du sjå video og bilete frå fagkonferansen.

Foreldremobilisering mot mobbing

Godt over tusen foreldre frå Sund, Fjell og Øygarden troppa opp i Sotra Arena onsdag kveld for å få med seg Bruk Hue-foredrag og panelsamtalar om temaet var mobbing. I løpet av onsdag og torsdag samlast opp mot fem tusen elevar, foreldre og andre interesserte til storsamlingar og konferanse i «Saman mot mobbing».

Her kan du lesa og sjå bilete frå kveldsarrangementet «Saman mot mobbing».