Category Archives: Barnehage

To dagar med Sameer Hinduja

14. og 15 februar hadde Trygg i Fjell besøk av Sameer Hindua.  Her kjem ein videorapport frå besøket.

Hinduja var først «key-note speaker» på konferansen «Landsbyen – saman mot mobbing» på Sotra Arena.

Seinare same dag vitja han klasse 9a på Fjell ungdomsskule.

Dagen etter var han hovudperson på ein workshop i Bergen der Trygg i Fjell hadde samla lokale og nasjonale fagmiljø, samt elevar frå ungdomstrinn og vidaregåande for å drøfte digital mobbing.

Les meir:

Mobbing i barnehage og skule

Som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen varsla på TRYGG I FJELL konferansen i februar, har både barnehage og skule fått skjerpa føringar for arbeid mot mobbing frå 1.august 2017.

Den nye rammeplanen for barnehagar har for første gong direkte formulering om mobbing. I avsnittet «Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap» står det: «Personalet skal … forebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkelser og uheldige samspillsmønstre». I Fjell har vi jobba med dette i to og eit halvt år, slik at for dei fleste av våre barnehagar vil ikkje denne skal-formuleringa i rammeplanen bety noko endring i høve det vi alt gjer.

Continue reading