Kategoriarkiv: Barn/unge

Storsamlingane «Saman mot mobbing» er i gang

Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue fekk god kontakt med dei 1 100 sjette- og sjuandeklassingane som var samla i Sotra Arena klokka halv ti i dag. Seinare på dagen kom 1 600 ungdomsskuleeler og fekk møta både Ole frå Bruk Hue og Kjetil Hasselberg frå Kjetil og Kjartans tips mot mobbing.

På desse to samlingane i regi av Trygg i Fjell i dag har 2 800 elevar fått med seg god lærdom om dette viktige temaet. I morgon er det fagkonferanse der mellom anna kunnskapsministeren kjem.

Her finn du meir informasjon om storsamlingane.

Felles kursdag for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO

Bilete frå planleggingsdagenMåndag 12. september var assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærlingar og SFO-leiarar i Fjell kommune, samla til ein annleis kursdag. Programmet for dagen var todelt.

Guttorm Helgøy tok eit lydhøyrt publikum vidare til del 3 i kursrekka i den viktige satsinga mot mobbing i kommunen vår, «Trygg i Fjell».

Her kan du lesa og sjå fleire bilete frå planleggingsdagen.

Kveldsskule med nettvett

Etter foredraget var det gruppearbeid der foreldre og barna saman snakka om nettvett.Tysdag kveld var 38 femteklassingar (a og b) på Foldnes skule på skulebenken i gymnastikksalen. Saman med eit 60-tals foreldre var tysdagskvelden ei markering for starten av eit fireårig samarbeid mellom Barnevakten og Trygg i Fjell/Fjell kommune.

Saman med Barnevakten skal elevar, foreldre og lærarar sjå på korleis ein kan handtera utfordringane barna og dei unge møter på nettet. Femte og åttande klasse på alle skulane i Fjell, inklusive Danielsen skule, skal gjennomføra kveldsskulekonseptet. Avtalen med Barnevakten gjeld fram til utgangen av 2019.

Les meir om oppstarten av samarbeidet.

Mobbing gir gevinst

Rettleiar for skulane i Fjell Guttorm Helgøy.
Rettleiar for skulane i Fjell Guttorm Helgøy jobbar mykje med mobbing.

«Mobbing gir gevinst» er overskrifta på eit innlegg Guttorm Helgøy har skrive for Bergens tidende. Guttorm er rettleiar for skulane i Fjell og jobbar mykje med mobbing. Han er og prosjektleiar for Trygg i Fjell, kommunen sitt prosjekt for å skape ei folkebevegelse mot mobbing der alle vaksne tek ansvar for å sjå og å stoppe mobbing.

Les innlegget her.