Barnehagane i Fjell set fokus på mobbing

Barnehagetilsette i kultursalen
Barnehagetilsette i kultursalen

Tysdag var 100 barnehagetilsette samla i kultursalen i Fjell rådhus for å sette fokus på mobbing i barnehagane. Som ein del av TRYGG I FJELL-prosjektet – ei intensivering av arbeid mot mobbing på alle område i Fjell kommune – tar vi no tak i dei yngste barna.

Dette var den andre storsamlinga for barnehagetilsette, i tillegg tilat det har vore fleire samlingar der styrarane har drøfta korleis ein kan førebyggje, avdekke og handtere mobbing og krenkande åtferd blant dei yngste.

Erling Roland frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, og ein av landets fremste forskarar på området, har sagt at det er i alderen 3 til 4 år vi har størst moglegheit til å endra barns åtferd i ei positiv retning. Ut frå den forskinga som ligg føre i dag er det grunn til å tru at sjølv barn i barnehagen kan plage andre verbalt og fysisk, seier Tove Flack frå Læringsmiljøsenteret. Dei kan også stenge andre barn ute frå leik og spreie rykte om andre. Forsking viser også at barnehagebarn som har ei begynnande mobbeåtferd har auka risiko for å halde fram med denne typen åtferd i barneskulen.

På samlinga viste Guttorm Helgøy filmsnuttar og informerte om kva ein skal sjå etter og korleis ein kan møta mobbing og krenkande åtferd i barnehagane. Og deltakarane vart utfordra på eigne refleksjonar om kva dei ser og kva dei kan gjere. Mellom anna korleis dei kan snakke med barna.

Ann-Christin Larsen – fagarbeidar i Marihøna barnehage – har prøvd å snakke med barna i barnehagen om korleis dei er med kvarandre. Det som overraska mest var kor opent barna svarte på hennar spørsmål. Spørsmål som til dømes «Ser du nokon som er aleine i leiken?». Barna svarte veldig utfyllande, med både namn og konkrete

Ann-Christin Larsen, Fagarbeidar i Marihøna Barnehage.
Ann-Christin Larsen, Fagarbeidar i Marihøna Barnehage.

døme på at nokon er utestengt. Og mange spurte etterpå; «når skal vi ha ei ny samtale?». Ann-Christin har også opplevd at fleire barn har fortalt om eitt barn dei syntes det var vanskelig å leike med. Og når dette barnet også fortalte korleis det opplevde situasjonen, fekk dei vaksne moglegheit til å ta tak og gjere noko som betra situasjonen.

Dei vaksne sitt ansvar for å rettleie barna var eit gjennomgåande tema på samlinga, og mange av deltakarane satt nok igjen med klåre tankar om at ein kan gjere meir for å hindre at barn utviklar seg til å bli «mobbarar».

Marianne Calland Gjerstad, Ingvar Landa og Jogeir Sognnæs, kompetansegruppa for Trygg i Fjell.