Author Archives: Jogeir

Løypemelding juni 2017

TRYGG I FJELL har vore operativt sidan februar 2014. Vi ønskjer med denne løypemelding å informere om kvar vi no står i dette arbeidet. Før vi går inn på dei einskilde punkta kan det vere greitt å repetere mandatet til TRYGG I FJELL:

  • Sikre og vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane
  • Utvikle og implementere ein «Fjell-modell» i arbeidet mot mobbing
  • Møte og støtte «systema» utanfor skulen med tryggleik på skulens eigen kompetanse

Beredskapsteam for psykososialt arbeid

Beredskapsteamet vart oppretta 1. april 2016. Teamet er tverrfagleg samansett med representantar frå kommunepsykologtenesta, PPT, skulehelsetenesta samt rettleiarteamet for både barnehage og skule. Skular, barnehagar og føresette kan ta kontakt med teamet både pr telefon og pr mail. I skrivande stund har teamet teke i mot ca 50 saker – i tillegg til ein god del henvendingar som ikkje har kravd oppfølging.

Mandat for beredskapsteamet:

  • jobbe med barnehagar og skular i Fjell
  • vere tilgjengeleg for direkte oppfølging i mobbesakar i samarbeid med skule/barnehage – dette kan innebere rettleiing i høve samtalar og observasjonar, dialogstøtte og deltaking i samarbeidsmøter
  • drive kompetanseheving innan avdekking og handtering av mobbing

Samlingar for ressurspersonar

Det har vore gjennomført 3 samlingar for ressurspersonar i barnehage og 2 for ressurspersonar i skule. Dette har vore gode samlingar der deltakarane har kome med innspel til korleis dei best kan rustast til å jobbe systematisk for eit godt psykososialt miljø. Fagleg påfyll i form av kompetanse på avdekking av mobbing, erfaringsdeling og handtering av utfordrande saker har vore mellom innspela som har kome fram.

Samarbeid med Barnevakten

Saman med Barnevakten skal elevar, foreldre og lærarar sjå på korleis ein kan handtera utfordringane barna og dei unge møter på nettet. Femte og åttande klasse på alle skulane i Fjell, inklusive Danielsen skule, skal kvart år gjennomføre Barnevakten sitt kveldsskulekonsept. Avtalen med Barnevakten gjeld fram til utgangen av 2019. Avtalen innebar også at Barnevakten stilte med Bruk Hue-foredrag i Sotra Arena for 6. til 10. trinn i februar 2017.

Samarbeid med idretten

Piloten med Nest Sotra / Nordre Fjell held fram. Dette er eit område med nye utfordringar med tanke på samarbeid mellom skule, heim og fritidsarena. Korleis ein handterer «teieplikt» er eit døme på ei utfordring som vi har drøfta i dette delprosjektet. Arbeidet med idretten har så langt resultert i at TRYGG I FJELL har laga eit undervisningsopplegg som FAIR PLAY koordinatorane i klubbane kan gi til foreldrekontaktar og trenarar i klubbane.

Det er utarbeida eigen instruks for TRYGG I FJELL – foreldrekontaktene. Det er også utarbeida eit TRYGG I FJELL-kort som vert delt ut ved sesongstart til alle spelarar i lag med drakta med TRYGG I FJELL-logo på. Dette kortet informerer om kva TRYGG I FJELL er og kva haldning våre idrettslag har til arbeidet mot mobbing, samt informasjon om kvar ein skal vende seg om ein ser noko som bekymrar.

Samarbeid med kyrkja

Dette skuleåret har det blitt etablert eit samarbeid med kyrkja i Fjell. Konkret har det vore opplæring av konfirmantleiarar, tilsette i kyrkja og andre frivillige i kva mobbing er og korleis avdekke mobbing.

Samarbeid med FAU og KFU

Samarbeidet med KFU (kommunalt foreldreutval) har fleire fellestrekk med arbeidet innan idretten. Her har og TRYGG I FJELL ansvar for eit undervisningsopplegg som ein skal gi i ei årleg samling med alle FAU`ar og skuleleiarar. KFU og FAU har siste året bidrege til å ferdigstille punkta som gjeld føresette og barn/unge i TRYGG I FJELL-modellen. Mellom anna har ideen om ein «foreldre-standard» vore drøfta.

Elevar

Elevråda og Ungdommens kommunestyre (UKS) har bidratt til tekst og videoar i TRYGG I FJELL-modellen om kva som er barn og unge si rolle og oppgåver med tanke på førebygging, avdekking, handtering og etterarbeid av mobbing. Interessant å sjå kor godt våre unge sine forslag stemmer overeins med dei innspela som utdanningsdirektoratet har fått frå barn og ungdom.

Barnehage

I alt deltek 23 av barnehagane i Fjell no i arbeidet mot mobbing. Barnehagane har mellom anna blitt kursa i kva mobbing er, avdekking av mobbing og handtering av mobbing. Det har blitt utvikla mobbeavdekkande verktøy for bruk i barnehagane, der utgangspunktet har vore kjende verktøy som nyttast i skulane. Arbeidet mot mobbing og krenkingar er no ein del av det faste arbeidet i barnehagane.

Skule

Alle skulane jobbar mot mobbing kvar dag. Læringsmiljø er ei av tre hovudsatsingar i Fjell-skulen, der mobbing, klasseleiing og relasjonar er tre av seks komponentar. Skulane nyttar til dømes mange verktøy, der mobbeprogramma og klasseleiing er grunnleggande komponentar. I tillegg er det mange gode erfaringar med samarbeid mellom skulane og beredskapsteamet.

Web og Facebook

TRYGG I FJELL har eiga nettside; www.tryggifjell.no. Sentralt her er TRYGG I FJELL-modellen
I skrivande stund vert facebooksida @tryggifjell følgt av 3.300 følgjarar.

Konferanse 2018

Planlegging av ny konferanse er i gang. Sotra Arena er reservert 14. februar 2018. Målgruppe er ressurspersonar i skule og barnehage og andre som jobbar mot mobbing. Vi har fått med oss Fylkesmannen i Hordaland, RKBU Vest og Mobbeombodet i Hordaland på planlegging av konferansen. Meir info kjem utover  hausten, men merk tidspunktet.

SINTEF

Fjell kommune har engasjert SINTEF til å evaluere TRYGG I FJELL – prosjektet. Evalueringa vil ta for seg heile satsinga, men fokusere særleg på arbeidet mot frivillig sektor.

—-

Det er generelt høg aktivitet og mykje positiv energi i arbeidet med TRYGG I FJELL. Og slik kjem det til å fortsette, for kampen mot mobbing har ikkje råd til pausar.

Saman mot mobbing – arrangement 15. og 16. februar

trygg_i_fjell_logoTRYGG I FJELL inviterer til to dagar SAMAN MOT MOBBING.

16. FEBRUAR 2017 – KL 08.30 TIL 15.00 – SOTRA ARENA
Med bl.a.: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, Rosa Kompetanse, Ingrid Lund og Tove Flack.
Her finn du meir informasjon og påmelding

15.FEBRUAR 2017 – KL 18.00 til 20.00
BRUK HUE og PANELSAMTALAR
for foreldre og tilsette i barnehage og skule i Fjell, Sund og Øygarden

I tillegg er det to elevarrangement på dagtid 15.februar for 6. og 7. trinn og ungdomstrinnet.

Trygg i Fjell møtte representantar for kyrkja

Kyrkjene i Fjell kommuneRepresentantar for kyrkja i Fjell hadde fredag sitt første møte med TRYGG I FJELL. Dette er starten på samarbeidet for å sette arbeidet mot mobbing på dagsorden i konfirmasjonsundervisninga. I arbeidsgruppa sit Mildred Heggernes og Maria Tveten som representantar frå kirka. Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy deltek på vegne av TRYGG I FJELL.

Arbeidet som er gjort innan idretten i Fjell vil ligge til grunn for dette nye samarbeidet. I TRYGG I FJELL ser vi fram til å jobbe i lag med dei som er aktive i konfirmasjonsundervisninga og takkar for god mottakelse og positive signal i oppstarten.

Regjeringa legg fram forslag til tiltak mot mobbing

Screen Shot 04-18-16 at 10.57 PMAv mange positive tiltak som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la fram i dag, vil vi framheve forslaget om at styrka kompetanse og målretta innsats også skal gjelda for barnehagane; at det blir etablert nettportal og chatteteneste; at skjult mobbing, digital mobbing og psykisk helse i skulen blir satsa på; at skulen får ei aktivitetsplikt; og at det vert satsa på lokale beredskapsteam eller innsatsteam.

Kunnskapsministeren sitt framlegg finn du her.

Dette er regjeringa si oppfølging av Djupedalsutvalet, som i mars 2015 la fram ei omfattande liste med forslag til tiltak i NOU 2015:2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Kunnskapsministeren si liste over tiltak inneber både forslag om lovendringar og tiltak som inneber økonomisk satsing, til dømes innan kompetanseheving.

Continue reading